Tida suser og med tida kjem bekymringar for ikkje å rekka alt som må ordnast før avreise. Eg (frk. Kopperud) arbeidar kvar dag og vel så det, i Åsane og i Os, så bussen er min ven! Og no startar flyttekaoset sånn smått.. Innimellom klarar eg likevel å få gjort det mest naudsynte:
- skriva lister -pakkeliste (i ulike kategoriar!), ting-å-ordna-før-eg-drar-liste, ting-å-sjå-på-reisa-liste
 - har skaffa meg reserve-bankkort
 - gått rundt med den store backpacken på ryggen for å få den rette feelingen
 - har låna ein haug med relevante reisebøker og filmar på biblioteket
 - svitsjar flittig innom travel-chanel når eg er heime
 - forberedar meg til bikini-sesongen ved å gå i bikini med jamne mellomrom
 - og ikkje minst, tek eg meg tid til å gle meg til dette:
 



