mandag 17. januar 2011

Forberedingar...

Tida suser og med tida kjem bekymringar for ikkje å rekka alt som må ordnast før avreise. Eg (frk. Kopperud) arbeidar kvar dag og vel så det, i Åsane og i Os, så bussen er min ven! Og no startar flyttekaoset sånn smått..

 
Innimellom klarar eg likevel å få gjort det mest naudsynte:
  • skriva lister -pakkeliste (i ulike kategoriar!), ting-å-ordna-før-eg-drar-liste, ting-å-sjå-på-reisa-liste
  • har skaffa meg reserve-bankkort
  • er i full opplæring av linsebruk -slik at eg kan sjå også under vatn..!
  • gått rundt med den store backpacken på ryggen for å få den rette feelingen
  • har låna ein haug med relevante reisebøker og filmar på biblioteket
  • svitsjar flittig innom travel-chanel når eg er heime
  • forberedar meg til bikini-sesongen ved å gå i bikini med jamne mellomrom
  • og ikkje minst, tek eg meg tid til å gle meg til dette:

torsdag 6. januar 2011

I boks.

Ting byrjar sakte, men sikkert å falla på plass. Til dømes har eg teke halvparten av mine vaksiner. Med bonus – det vil seie påfylgjande feber. No skal eg i alle fall ikkje få rabies.

I boks:



Elles nyttar eg venteperioden til å arbeida på Statens Kartverk i Hardanger

Lofthus:


 
og så går dagane med til å grunna på livets viktige spørsmål:
- kor mange adaptere ska ein ha med på tur?
- skal ein kjøpa billige eller dyre malariatabletter, treng ein dei i det heile?
- skal ein planlegga alt på førehand eller ta det som det kjem?

uansett, som ein seie i ein av våre favorittfilmar ”Into the Wild”

“The core of mans' spirit comes from new experiences”