torsdag 6. januar 2011

I boks.

Ting byrjar sakte, men sikkert å falla på plass. Til dømes har eg teke halvparten av mine vaksiner. Med bonus – det vil seie påfylgjande feber. No skal eg i alle fall ikkje få rabies.

I boks:



Elles nyttar eg venteperioden til å arbeida på Statens Kartverk i Hardanger

Lofthus:


 
og så går dagane med til å grunna på livets viktige spørsmål:
- kor mange adaptere ska ein ha med på tur?
- skal ein kjøpa billige eller dyre malariatabletter, treng ein dei i det heile?
- skal ein planlegga alt på førehand eller ta det som det kjem?

uansett, som ein seie i ein av våre favorittfilmar ”Into the Wild”

“The core of mans' spirit comes from new experiences”


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar