mandag 17. januar 2011

Forberedingar...

Tida suser og med tida kjem bekymringar for ikkje å rekka alt som må ordnast før avreise. Eg (frk. Kopperud) arbeidar kvar dag og vel så det, i Åsane og i Os, så bussen er min ven! Og no startar flyttekaoset sånn smått..

 
Innimellom klarar eg likevel å få gjort det mest naudsynte:
  • skriva lister -pakkeliste (i ulike kategoriar!), ting-å-ordna-før-eg-drar-liste, ting-å-sjå-på-reisa-liste
  • har skaffa meg reserve-bankkort
  • er i full opplæring av linsebruk -slik at eg kan sjå også under vatn..!
  • gått rundt med den store backpacken på ryggen for å få den rette feelingen
  • har låna ein haug med relevante reisebøker og filmar på biblioteket
  • svitsjar flittig innom travel-chanel når eg er heime
  • forberedar meg til bikini-sesongen ved å gå i bikini med jamne mellomrom
  • og ikkje minst, tek eg meg tid til å gle meg til dette:

torsdag 6. januar 2011

I boks.

Ting byrjar sakte, men sikkert å falla på plass. Til dømes har eg teke halvparten av mine vaksiner. Med bonus – det vil seie påfylgjande feber. No skal eg i alle fall ikkje få rabies.

I boks:



Elles nyttar eg venteperioden til å arbeida på Statens Kartverk i Hardanger

Lofthus:


 
og så går dagane med til å grunna på livets viktige spørsmål:
- kor mange adaptere ska ein ha med på tur?
- skal ein kjøpa billige eller dyre malariatabletter, treng ein dei i det heile?
- skal ein planlegga alt på førehand eller ta det som det kjem?

uansett, som ein seie i ein av våre favorittfilmar ”Into the Wild”

“The core of mans' spirit comes from new experiences”


mandag 13. desember 2010

Trend.

Allereie i september tok me avgjerdsla om å dra på tur.

Omtrent slik såg det ut:

Kort tid etter kjem denne meldinga:

Kronprinsfamilien tar pause fra jobb og skole og reiser til utlandet i vinter. Han kaller det en slags dannelsesreise for dem selv og barna. Kronprinsparet vil ikke gå ut med hvor familien skal reise, men sier det passet godt å gjennomføre en slik tur akkurat nå.

 
"Vi håper at vi får oppleve spennende ting sammen. Og at de får muligheten til å se at verden er mangfoldig. Vi vil at dette skal være en privat tur med barna våre, hvor vi kan oppleve ting uten å bli forstyrret. Vi ønsker å reise og bruke tid sammen som en familie. Vi håper å vise barna våre litt av verden, at det finnes mange kulturer og mange måter å leve på." sier kronprins Haakon til NRK.

(Kilde: utdrag frå nrk http://www.nrk.no/nyheter/norge/1.7366450)

Tilfeldig? Neppe! Randi Helen uttalte nærmast dei same orda i september.

Og i November kom endå ei stor overrasking, då ville også herr og fru Taunton reisa verda rundt



Ikkje visste me kva slags verknader avgjerdsla vår ville få. Kva eller kven blir det neste? Me venter i spenning..

tirsdag 23. november 2010

Preparation for India

Takk til Reni som har introdusert oss for fantastiske "Urvasi, urvasi". Me skal legga oss i selen og øva inn desse dansestega før 11. februar.



Utenom danseforberedelsar har eg hatt skriftleg korrenspondanse med vår blodsbror Kristian Degnæs. Han har har fylgjande innspel til bloggen:

Dette er en kommentar til "Kva skal vi heite" på bloggen:
Alt som slutter med dog er bra. Støtter derfor R-dog av hele mitt hjerte, sjel og venstrebein. Evt. kan money brukes, altså R-money.

Synes Astrid bør vurdere A-dog eller A-money, men funker kanskje dårligere med vokaler foran dog? A-social kanskje? Hihi

Evt. så setter det nostalgiske i meg pris på navn som A-Team, det var en bra TV-serie det.

Med vennlig hilsen, deres høyhet, ærede dommer, Kristian som bor i Kr.sand. som gikk på fredtun med Astrid og utv. studier med Randi

lørdag 13. november 2010

Angåande reiseselskap.

Ettersom denne sida er Backpacking for Dummies vil vi gjerne ta for oss reiseselskap. Det er vanskeleg å navigera seg fram i reiseselskap-jungelen, difor vil vi koma med rettleiing. Me har sjølve vald å reisa med Kilroy. Uansett kva du sjølv vel, kan det vera lurt å styra unna desse:







Lukke til med å finna DITT reiseselskap!

Kva skal vi heite?

Identitetskrise!!!
 
Vi kan ikkje nytta våre norske navn når vi er ute i den store verda. Difor treng vi nye reisenamn. 
Send inn forslag! Beste forslag vert lønna med heider og ære! 

Desse forslaga har vi sjølve kome med: 
Randi Helen: R-Dog, R-to-the-K eller Randy Rainstorm. 
Astrid: Poodle-Noodle, Pitbull-Astrid, Astrid Fastbreed 

torsdag 11. november 2010

92 ord i vårt fyrste innlegg:

God dag. Fyrste reisebrev frå senga til Astrid i Bergen (Norway).
Vi skal på tur. Aldri sur.
Vi skal til Asia/Australia/Amerika og du kan tru kor vi gler oss!
Vi skal til eit land som byrjar på I, eit anna som byrjar på T, eit på M, eit på S, eit på A, eit på N, eit på U og ikkje minst - endå eit på I. Kor skal vi? Veit du?
Gjettar du riktig? Vi dreg den 11 februar og kjem attende den 3 mai 2011 (gitt).
Tjo hei. Joho.